ANNONSE - 1-ÅRIG PROSJEKTOPPDRAG

Postet av Ål IL den 9. Mar 2021

         

Ål idrettslag og Liatoppen Skisenter skal starte eit 1-årig fellesprosjekt for
planlegging, finansiering og systematisering av felles administrasjon og leiing
av laga og arenane.
Tilsvarande prosjektutgreiing er allereie etablert for rekneskapssystem og rutinar.
Ved Liatoppen skisenter er det allereie etablert eit samarbeid mellom idrettslaga
i Fjellet, Torpo, Ål og Ål Skiskyttarlag som eigarar av anlegget.
Skiskyttarstadion og langrennsarenaen er ein godkjent nasjonalarena med
mange store renn som NM og Norgescup.
Ål Idrettspark, Bråta er sjølveigd hovudarena for Ål IL med sine 9 grupper,
der fotballgruppa er den største og initiativtakar til utvikling av anlegget med
to kunstgrasbaner, treningsbaner, tennisbaner, friidrettsbaner og
 Elvelangsarenaen som går gjennom heile anlegget.

                              1-ÅRIG PROSJEKTOPPDRAG
Ål IL og Liatoppen vil leige inn ein prosjektleiar inntil 60 % med mogleg
 oppstart 15. april 2021 og eitt år fram i tid, for å avklare korleis:

  • Styrke samarbeidet mellom idrettslaga og mellom arenaer.
  • Tydeleggjere profilen og forsterke haldningsskapande arbeid.
  • Styrke profil ved anlegg og arenaer for å auke sponsorinntekter.
  • Styrke Ål som arrangementskommune og synleggjere anlegg og arenaer.
  • Lette rekrutteringa til friviljug arbeid.
  • Hindre fråfall i aldersgruppa 13-16 år.
  • Fritidserklæringa: Alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale og
    økonomiske situasjon skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst
     ein organisert fritidsaktivitet saman med andre barn.
  • Utvide tilbodet til vaksne brukargrupper.
  • Støtte opp om målsettinga for folkehelse i Kommuneplanen.
  • Organisere web og e-post.

Prosjekthonorar etter avtale.
Interesserte prosjektleiarar bes søkje/melde interesse innan 22. mars til
Svein T Furuhaug: på e-post Svein.Furuhaug@aal.kommune.no mobil 915 18 610
 


0 Kommentar

ÅRSMØTE 2021 - 12. MAI KL19:00 - KLUBBHUSET - DOK VEDLAGT - NB! PÅMELDING

Postet av Ål IL den 9. Feb 2021

Forslag til saker meldast før 11. mars til leiar på post@aalil.no.

Påmelding til samme adresse: post@aalil.no.

Her er sakslista:

SAKSLISTE 12.05 Arsmote 2021 (1).docx

Regnskap TOTALT, AU-HOVEDLAG, GRUPPER og beretning kontrollutvalg finner medlemmer under FANE: Klubben - Dokumentarkiv -

Der ligger også budsjettet for AU-Hovedlag. 

Årsmelding frå AU-Hovedlag: ÅRSMELDING ÅL IL - 2020-2021 15.03.2021 (1).docx 

innstilling frå valnemda:Innstilling frå Valnemda i Ål idrettslag til årsmøtet 12 05 2021.pdf


0 Kommentar

ÅRSMØTE 2020

Postet av Ål IL den 20. Feb 2020

ÅRSMØTE 2020
Årsmøtet til Ål IL som vart utsett 25.mars, er no planlagt til
ONSDAG 13. MAI KL 19 PÅ BRÅTA

Vanlege årsmøtesaker.


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline