NO LOSNAR DET

Postet av Trond Kleppen den 8. Okt 2019




Med stolpane til gangbrua på plass og justert, startar produksjonen av gangbrua.
Om 4 veker kjem den til Ål og kan monterast på
staden. Brukar i båe endar er no klar, og Bjella&Medgard kan starte på turstigen her og inne på Bråta.
I løpet av vinteren vil det meste av arbeidet med turstigen bli bygd, slik at finpuss kan skje til våren.
Hallingdal Feriepark har òg planar om å sluttføre sin stig, inklusive ganbgru opp på stasjonsbrua, slik at det ligg godt til rette for felles opning av turstigen frå Ferieparken og ned til klubbhuset i juni og med opning av stig frå klubbhuset ned til Ål Camping inklusive badeplass på haustparten neste år.

Ål Vidaregåande skule er i gang med bygging av 2 gapahukar og kvilebenkane som skal plasserast langsmed stigen.
Hinderløypa er kjøpt inn og blir montert ved klubbhuset til våren.

Finansieringa for del 1 er på plass.
For del 2 kan me koma i mål, om Spelemidlar blir godkjent og tilskot på 980 000 kr blir innvilga.

Bjella & Medgard i gang med brukaret til gangbruavest for stolpane     Polyfiber er i gang med produksjon av slik gangbru som skal på stolpane over.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline