ELVELANGS I ÅL


Trond Kleppen / 15.11.2018
Forprosjektet for ny turstig med aktivitetsarenar langs elva og Opsjø vil bli sluttført før jul,
og det ligg vel til rette for realisering gjennom eit hovudprosjekt frå nyttår.
Sjølve bygginga startar til våren, og vil gå i perioden april - oktober i 2019 og 2020.

Turstigen er tenkt kopla saman med stigen frå Hallingdal Feriepark, og går vidare
frå stasjonsbrua forbi Ål Idrettspark, Bråta, langsmed Opsjø og heilt ned til Ål Camping.
Den siste biten er ei perle som går gjennom furuskogen til Stølen, med spektakulær utsikt til elvestryk.

På videoen her får du eit godt inntrykk av alle aktivitetane som er planlagt inntil turstigen.

Ål Idrettslag aleine vil ikkje klare eit så stort prosjekt (nærare 15 mill. kr.), 
men med 20 gode samarbeidspartar og Ål kommune med på laget, ser dette ut til å gå i boks.

Den viktigaste samarbeidsparten er bygdefolket og medlemmene i Ål IL.
Mange vil vere med på dugnadsjobbing for å få dette til.  Me sjåast til våren !

Blogginnlegg ...

Kommende Arrangement

  • Fredag, Mai 1
  • 1

    Ål Cup 2020

    Ål Cup er den vesle turneringa med det store hjartet. Sidan alt foregår på eit lite område blir det ei svært intim stemning. Her møtast lag frå aust og vest på midten for venskapeleg dyst. At alt foregår på ei bane gjer at det er den perfekte turneringa for klubbar som vil følge opp alle sine lag

    Kalender:
    Ål IL - Håndball
    Når:
    fre., 1. Mai, 17:00

Kontaktinformasjon

Adresse:
Ål IL
Postboks 11, 3571 ÃL



Telefon:
993 07 215

E-post:
post@aalil.no

Levert av IdrettenOnline