Vil du vere Ål IL sin representant i Ål ungdomsråd?
Postet av Ål IL den 24. sep 2026
Er du mellom 13 og 18 år og vil vere med å påvirke samfunnet i Ål? Ål idrettslag har plass til ein representant i ungdomsrådet og er på jakt etter den rette kandidaten!
Er dette deg - ta kontakt med dagleg leiar Kennet Dvergedal per tlf. 406 36 964.
Oppgåva til Ål ungdomsråd
- Uttale seg i sakar som gjeld barn og ungdom
- Kan ta opp sakar på eige initiativ
- Handsame søknader som kjem til ungdomsrådet
- Delta i HUR- Hallingdal ungdomsråd
Litt om ungdomsrådet:
- Ungdomsrådet er eit rådgivande medverknadsorgan i kommunen og er eit politisk organ som uttaler seg i saker som gjeld barn og ungdom. I møta er det representantar frå Ål ungdomskule og vidaregåande. Ordføraren, rådmannen og leiar for oppvekst er også ofte med. I tillegg kjem det andre innom som vil høyre på rådet sine tankar og meiningar i saker som gjeldt barn og ungdom.
- Alle saker som gjeld barn og ungdom i Ål kommune skal forelegges ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Formålet med ungdomsrådet er å bidra til å sikre bred, open og tilgjengeleg medverking i saker som gjelder barn og ungdom.
- Det er ca. eit møte i månaden, møta forgår på ettermiddagen i kommunestyresalen. I forkant av møter må ein lese gjennom møteinnkalling og dokument som er vedlagt. I etterkant av møte kan det væra saker de skal ta opp i klassane for å få fleire innspel og tankar. Her kan du få hjelp av lærar eller Ann Beate.
- Nokre gonger blir representantar bedt om å delta i fora der ein ynskjer uttale frå ungdomsrådet, dette kan væra på strategikonferansen, budsjettmøte, kommunestyremøte m.m.
- Felles samling for alle som sit i ungdomsråd i Hallingdal- opplæring og tema dykk er opptatt av

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ål IL
Siste sjanse for å delta på o-løp Ål 2026
22.09.2026
Treningstid Ål idrettshall 2026/2027
21.09.2026
Klubbtur til SNØ!
16.09.2026